I gong med den nye presteutdanninga

45 studentar er no i gong med det flunkande nye studiet «Erfaringsbasert master: Prest».

Studentar samla til det nye prestestudiet ved MF vitenskapelige høyskole. Bilete: Ragnhild Aadland Høen/MF.

Tidlegare i år vart det meldt om stor interesse for den nye presteutdanninga ved MF vitenskapelige høyskole, kalla Erfaringsbasert master: Prest.

No er det ettertrakta masterstudiet i gong, og det med seks studentar frå Møre:

Gunnhild Barstad Løvold, Anita D. Hagerup, Heidi Kristin Fagersand, Constanze Lindner, Stine Margrethe Lerheim og Stig Kjenstad.

Den norske kyrkja har opna for at personar over 35 år med relevant yrkespraksis, og ein del teologi- eller kristendomsstudie frå før, kan bli prestar utan å gå det seksårige studieløpet. Det er desse MF har oppretta det nye masterprogrammet for. Etter å ha fullført den toårige mastergraden er ein kvalifisert til å bli prest i Den norske kyrkja.

- Møre bispedøme har over tid jobba fram denne ordninga med prest under utdanning. Difor er det ei stor glede at Kyrkjerådet no har anbefalt at Kyrkjemøtet gjer vedtak om dette. Vi veit av erfaring i Møre bispedøme at folk som har ein annan yrkesbakgrunn, som vel å gå inn i prestetenesta, er ei stor velsigning og ein rikdom for kyrkjelydane. Det å ha ein annan yrkesbakgrunn og den livserfaringa det gir. Eg er utruleg takksam for at desse som no har eit kall til å gå denne vegen, får ein god teologisk utdanning på toppen av alt dei har med seg frå før, har biskop i Møre bispedøme, Ingeborg Midttømme, tidlegare uttalt om det nye prestestudiet.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"